Møre og Romsdal - Volda -
(Data fra flightlog.org - statistikk siste flyture)
Dette fly sted ligger innenfor kontrollert luft rom Hovden TIZ, de må innhentes tillatelse fra Hovden Kontrolltårn(Tlf 70041689) før det kan flyges.
https://himmelseglarane.no/flyging/flykultur
Fjellet ligg rett ved Volda sentrum, og er utan tvil den aller beste flyplassen på solgangsbris, eller utrøne som vi seier, i dette distriktet. Det er stort sett på desse forholda vi har floge her, men XC er også utprøvd med hell, før GPS kom i bruk. Voldsfjorden gir ei enorm effekt, og vi kan ligge å cruise i timesvis til langt på kveld. Også på rein nordvest,nord og nordaust er dette ein fin plass.Sørlege vindar er ikkje utprøvd enno, då vi benyttar oss av meir tilgjengelege startar på denne vindretninga. I 2010 ble det avholdt ein successfull NC i acro med deltakarar frå både inn og utland. Då blei helikopter brukt for å få pilotane til start. Vi ventar på veien som er planlagt til topps. Då vert det mogelegheiter for Acro og sikkerheitskurs og for ikkje å snakke om KURSING for å rekruttere nye pilotar til denne fantastiske sporten det ikkje er lov å være åleine om!! For å kome til topps no, gjer følgande: Parker ved tunnellopninga i Rotsethornet og følg skogsvegen opp til Kalsethola og stien vidare.Enkelte synest det er for bratt, fordi at ein må bruke tau / kjetting på delar av turen opp til startplassen som ligg på Aksla.Det er også bora inn trinn av jarn på dei brattaste plassane. På Aksla startar vi mot nord, nordvest og vest.Starten er grei nok, men du må vere stø i å starte.Om ikkje bør du gå til toppen som har betre startforhold. På toppen kan ein faktisk starte på alle vindretningar.Du må rekne med ein time på turen opp. Landing er vanlegvis ved gravplassen på marka ved Aarflotgarden,på stadion eller ved Årneset på andre sida av vatnet. Hugs å ringe til Flytårnet Hovden før og etter flyging 70041689.
652 meters asl Høydeforskjell 620 meters
Kjenner du til denne spotten og har lyst å hjelpe Vindnå.no med oppdatert informasjon, sende inn dine endringsforslag her.